29.8.21: Status koronasmitte i Seljord

Seljord kommune har fått melding om at 2 personar har fått påvist smitte av Covid-19. Desse er no i isolasjon. Smittesporing pågår, og kommunen tek direkte kontakt med nærkontaktar.

Frå 16.08.2021 kan testing erstatte smittekarantene for elevar og born i grunnskule og barnehage. Dersom ein person får påvist korona, kan elevar og barn som er nærkontaktar teste seg i staden for å gå i karantene. Personar som den smitta bur saman med, eller andre tilsvarande nærkontaktar, må framleis gå i karantene.

Eitt av smittetilfella i dag er elev ved Seljord barne- og ungdomsskule. Elevar i 1. klasse, samt elevar som var på SFO torsdag og fredag sist veke, må bli testa måndag 30.8.21.
Av praktiske grunnar har vi vald å setje desse elevane i karantene til dei har testa negativt på hurtigtest. Det er ikkje skule eller SFO for desse elevane måndag 30.8.2021. Heimane er varsla i meldingssystemet Visma.


 Alle nærkontaktar er eller blir varsla. Kommunen fylgjer situasjonen nøye.



Beredskapsleiinga

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?