7.4.21: Korona-oppdatering Seljord kommune kl. 21.15
Elever og tilsette ved Seljord ved Seljord barne- og ungdomsskule er i karantene.
Seljord barne- og ungdomsskule har fått melding om at tre tilsette ved skulen er nærkontaktar av ein person med Covid-19. I samråd med kommunelegen er det bestemt at klassar og tilsette som har hatt kontakt med desse tilsette skal i «ventekarantene» frå og med i morgon torsdag 8.4.2021 og fram til prøvesvaret for dei tilsette er klart.
Når ein er i ventekarantene gjeld dei same reglane som i vanleg karantene.
Ventekarantene gjeld for desse elevane:
- Alle elevane i 4a, 5b og 9a.
- Fire elevar frå 8a
- 11 elevar ved SFO-ordninga.
Dei aktuelle elevane i 8a og ved SFO-ordninga vil få direkte beskjed av skulen i løpet av kvelden.
Totalt 15 tilsette er i karantene/ventekarantene. Det er ikkje naudsynt for personar i ventekarantene å teste seg, men dersom ein utviklar symptom på Covid-19 må ein kontakte helsesenteret for testing.
Alle andre elevar og tilsette møter som vanleg på skulen torsdag. Familiane til personar i ventekarantene kan møte på skule og arbeid som vanleg.
Status elles pr. 7.4.21:
- Det er pr. i dag ingen personar registrert smitta av covid-19 i Seljord
- Personen som den 30.3.21 blei meldt registrert smitta av covid-19, er no friskmeldt og ute av isolasjon.
Helsing
Beredskapsleiinga i Seljord kommune
Sist oppdatert