Kulturprisen og ungdommens kulturstipend 2021

Seljord kommune gratulerer Inger Noraberg med kulturprisen for 2021 for hennes svært store innsats for Seljord skulemusikk gjennom 15 år. Samstundes vil vi gratulere Herman Hogstad Sveinsson så mykje med Ungdommens kulturstipend for 2021 for fantastisk innsats og resultat innan fridrett.
Ordførar Beate Marie Dahl Eide delte ut prisane på 17.mai-arrangementet i Seljord.
Det er Seljord kommune og Sparebankstiftinga Seljord som kvart år delar ut kulturprisen og kulturstipendet. Kulturprisen består av ein sjekk på 20 000 kroner og ein bronseskulptur laga av Ellen Grøstad. Kulturstipendet består av ein sjekk på 20 000 kroner og eit diplom.
Du kan lese ordføraren si tale til dei verdige prisvinnarane her Pdf, 122 kB, åpnes i nytt vindu..
Du finn meir informasjon om kulturprisen og kulturstipendet her
Sist oppdatert