Status koronasmitte torsdag 13.05.2021 kl. 15.00

Flatdal oppvekstsenter, avdeling barnehage, har i dag fått melding om at ein tilsett i barnehagen er nærkontakt av ein person med Covid-19. Alle barn og tilsette i barnehagen er inntil vidare i ventekarantene og Flatdal barnehage er difor stengt i morgon fredag 14.5.21. 

Når ein er i ventekarantene gjeld dei same reglane som i vanleg karantene.  Det er ikkje naudsynt for barn i ventekarantene å teste seg, men dersom ein utviklar symptom på Covid-19 må ein kontakte helsesenteret for testing.   
Familien til barna/ dei tilsette er ikkje i ventekarantene.

Det vert dei næraste dagane avklart om dette vil påverke gjennomføringa av 17.mai-arrangement.

Ein oppmodar alle til å fylgje med på kommunen sine heimesider og Facebook-sider for oppdatert Korona-informasjon.

Beredskapsleiinga

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?