Brannøving i Seljord måndag 26.april kl. 17 ved Seljord kyrkje

Seljord brannvesen skal ha ei øving på andre sida av vegen for Seljord kyrkje for å brenne av daufonn/fjorfonn (gamalt gras) på eigedomen til Opplysningsvesenets fond. Det blir røyk, bilar, mannskap og blålys i området.
Vi oppmodar om at grunneigarane og naboane i området held vindauga att. Øvinga startar frå kl 17. 

Brannvesenet har eit visst tal øvingar i året, og dette er éin av dei. Det er godt og trygt at vi har eit aktivt og dyktig brannvesen som trenar på ulike typar brannar og hendingar.

Kontaktperson i Seljord brannvesen er Trond Johnsen.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?