Vil du vere med å bestemme korleis framtidas eldreomsorg i Seljord skal vera?

«Leve heile livet"- Kvalitetsreform for eldre. Kartlegging av behov i Seljord
Det er ei mål at innbyggjarane i Seljord kommune skal kunne leve godt heile livet. Det er spesielt viktig at eldre har god helse lengre, opplever at dei har god livskvalitet og at dei meistrar eige liv. I tillegg vil det vera ein tryggleik å vita at dei får den helsehjelpa dei treng når dei har behov for den.
"Leve heile livet" blei vedteke av Stortinget i 2018. Reforma skal bidra til at eldre:
- Skal meistre livet lengre
- Ha ein trygg og aktiv alderdom
- Føle seg trygge på at dei får god hjelp når behovet oppstend
- Har pårørande som kan bidra utan at dei blir utslitt
Reforma skal også bidra til at våre tilsette kan bruke kompetansen sin i den daglege tenesta.
Reforma har fem satsingsområde:
- Eit aldersvenleg Noreg (Seljord)
- Aktivitet og fellesskap
- Mat og måltid
- Helsehjelp
- Samanheng i tenestane
Eit betre samfunn for eldre
Det viktigaste målet med reforma er å skape eit meir aldersvenleg samfunn som legg til rette for at alle eldre kan bidra og delta i samfunnet. Ein ønsker også å finne løysingar på utfordringar knytt til aktivitet, fellesskap, måltid, helsehjelp, samanheng og overgang i tenestane.
Eldre har ulike forutsetningar og store variasjonar i behov og ønske. Det er difor viktig å finne gode løysingar for ulike grupper på tvers av sektorane. Med auka tal på eldre må den enkelte innbyggar ta vare på eiga helse, og i størst mogleg grad tilrettelegge heimen sin for alderdommen. Eldre som er i stand til og som har lyst, bør få moglegheit til å vera aktive. Det vil vera «vinn vinn» for den enkelte og samfunnet.
Meir informasjon om Leve heile livet- reforma sjå Regjeringen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Ynsker du å bidra?
I Seljord kommune har me allereie mange gode tenestar og tilbod. Det blir no jobba med å kartlegge kommunen sine behov og utfordringar og kva for tiltak kommunen skal satse på vidare for å bidra til at Seljord blir ein kommune det er godt å bli eldre i.
Ved å svare på kartleggingsskjemaet kan du vera med å bidra til å påverke kva som er viktig for deg for at du skal få ein god alderdom i Seljord kommune og bidra til at Seljord kommune blir ein endå betre aldersvenleg kommune.
Alle i alle aldrar er velkomne til å svare på skjemaet. Alle har eit forhold til eldre, uansett kor gamal ein sjølv er, og omsorg til eldre er noko som engasjerer mange i samfunnet.
Har du forslag til konkrete tiltak, kan du skrive det under «anna» i kartleggingsskjemaet.
Frist for å svare er 11.5.2021
Trykk her for å komme til kartleggingsskjema Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert