Veteran frå internasjonale operasjonar i Forsvaret - aktuelt med lokalt nettverk?

Seljord kommune ynskjer å få kontakt med alle veteranar busett i kommunen. Det kan vere aktuelt å byggje eit veterannettverk for å følgje opp veteranar med informasjon, tilbod, utmerkingar m.m.
Fint om du som veteran kan sende ei kort melding til Asbjørn Storrusten med namn, tlf.nr, e-postadresse og gjerne helt kort om militær bakgrunn.
NB Dette vil ikkje vere open informasjon.
Veterankontaktar i Seljord kommune:
- Asbjørn Storrusten, kultur og næringssjef, tlf 917 96 785, as@seljord.kommune.no Asbjørn har bakgrunn frå Hæren, HV og UNIFIL III/IV/V
- Gunhild Kåsa Dehli, leiande helsesjukepleiar, tlf 908 90 005, gunhild.kaasa.dehli@seljord.kommune.no Gunhild har erfaring frå Hæren, luftforsvaret, HV og UNIFIL XXIV og XXV
Veteran plan: Seljord kommune har ikkje utarbeidd veteranplan ennå
Aktuelle lenker:
Sist oppdatert