Avslutta ventekarantene for elevar og tilsette ved Seljord barne- og ungdomsskule
Korona-status Seljord kommune 9.4.2021 kl. 17.30
Seljord kommune har i ettermiddag fått melding om at dei tilsette ved Seljord barne- og ungdomsskule, som var nærkontaktar av ein person med Covid-19, har testa negativt.
Elevar og tilsette er difor ikkje lengre i ventekarantene. Nærkontaktane må framleis vere i karantene.
Det er inga kjend Covid-19 smitte i Seljord pr. idag.
Helsing Beredskapsleiinga i Seljord kommune
Sist oppdatert