Symjehallen opnar i dag, fredag 4.desember 2020

Vi opnar no symjehallen for publikum på fredagar og laurdagar, samt tysdag og onsdag i romjola.
Det er ein del smittevernreglar som alle må følgje:
- Vi kan berre tillate 15 guter og 15 jenter pr. pulje og alle må registrere seg når dei kjem.
- Dei må vente utanfor til pulja byrjar, og må vere ute av bygget på sluttidspuktet
- Det vil ikkje vere mogleg å dusje etter bading
I dag fredag 4.12.: pulje 1: kl 17.00-18.45 og pulje 2: kl 19.00- 21.00
I morgon laurdag 5.12.: pulje 1: kl 11.00 -12.45 og pulje 2: kl 13.15 -15.00
Det vil bli mogleg å tinge dag, tid/ pulje på nettet frå neste veke. I dag er det enno slik at det er berre dei fyrste som blir registrert som kjem inn.
Barn og unge på 17 år og yngre kjem gratis inn.
Sist oppdatert