Informasjon om stengt veg i Åmotsdal.

Grunna jordras er fylkesveg 3422 stengt med skilt ved Straume og ved Nutheim. 

Det er gått jordskred ca. 2,4 km frå Nutheim. Området der skred har gått er rydda i dag av Mesta, men vegen opnast ikkje før geolog har undersøkt området, noko som etter planen skal skje tysdag føremiddag. Seljord kommune oppmodar alle til å søkje informasjon på Statens vegvesen sine heimesider Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., der vil ein få oppdatert informasjon.  Vegstenginga vil påverke kommunens moglegheiter for å levere tenester til innbyggjarar i området. Elevar ved Flatdal skule har fått beskjed frå skulen/kontaktlærar om aktuelt heimearbeid. Andre elevar/heimar som ikkje er kontakta av skulen eller lærar oppmodast til å arbeide med vekeplan eller anna relevant skulearbeid inntil vidare.  Informasjon vil bli sendt på teams, Showbie eller i Visma. Heimetenester blir levera med noko reduksjon, naudsynt bistand i heimen gjerast ved omkøyring om Øyfjell. Det er personell på Steinmoen bu- og servicesenter som kan vere til hjelp ved behov.

Brann og redning er orientert og tek dei naudsynte vurderingane dei skal ved eventuell utrykking.  

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?