Velkomen til oppstart av barnehageåret 2020-21

Vi ynskjer velkomen til oppstart av nytt barnehageår måndag 17.august. Spesielt vil vi ynskje alle nye barnehagebarn med foreldre velkomne til barnehagane i Seljord.

Det er framleis ein del omsyn vi må ta med barnegrupper, vaksentettleik og avstand i barnehagane våre. Difor må vi ha noko redusert opningstid. Vi har lagt inn ein redusjon i pris for tilboda.
Alle må framleis ha med niste, men det blir servert drikke i barnehagane. Kostprisen vil dermed vere redusert tilsvarande, til berre å dekke drikke.
Barnehagane vil vere opne frå kl 8.00 - 16.00. Vi jobbar for å opne opp for normal opningstid frå seinast veke 42.
Barn med foreldre i samfunnskritiske yrke har rett på utvida opningstid etter dei same reglane som i vår, og foreldra må søke.
Sjå Informasjonssidene om Korona for barnehage og skule  Der finn du nyttig informasjon og søknadsskjema.

Du kan lese meir om oppstart av barnehageåret på Udir sine nettsider Lenke til et annet nettsted.

Vi gler oss til å sjå dykk!

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?