Endringar i skulekvardagen frå måndag 8.juni.

Frå måndag 8.juni skal alle elevane møte på skulen kvar dag. Det blir slutt på heimeskule for enkelte trinn.
Skulane er på gult nivå, så det er framleis mange krav etter smittevernreglane; halde avstand, god handhygiene, grundig reinald og reglar om gruppestorleik/kohortar, klasser.

Sjå Udir - Veileder om smittevern for skuleeigar Lenke til et annet nettsted.

Det vil framleis vere mykje uteskule og turar for å lette krava om avstand, så elevane må kle seg etter veret. 

Skuleskyssen går som normalt. elevane skal fylgje instruksjon frå eigen skule.

Meir detaljert informasjon får elevane frå eigen skule.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?