Gjenopning av kulturskulen

Kulturskulen har sidan før påske hatt tilbod om digitalundervisning for dei fleste brukarane. No opnar kulturskulen, med nokre få unntak, for undervisning på Granvin kulturhus frå måndag 18. mai. Dette er godkjend av kommuneoverlegen.
I tillegg blir det ny frist for å melde seg på tilbod i kulturskulen for skuleåret 2020/2021. Fristen gjeld også dei som held fram eller sluttar. NY FRIST: TYSDAG 2. JUNI!
Prosedyre for undervisning på Granvin:
Viss ikkje anna er opplyst frå lærar, møter du til den tida/timen du hadde før corona-stenginga 12. mars.
Elev møter utanfor hovudinngangen til Granvin og vert henta av lærar. Eleven vaskar/spritar hendene i foajeen og gjeng saman med lærar til undervisningsstad.
Lærar og elev held 1 meter avstand, også i undervisninga.
Når undervisninga er ferdig, følgjer lærar eleven til spritstasjon i foajeen og følgjer deretter eleven ut hovudinngangen. Berre lærar skal ta på dørhandtak.
Stol, notestativ og anna utstyr som eleven har vore i kontakt med, skal vaskast etter kvar time før ein hentar ein ny elev.
Merknader:
- Eleven må ha med eige instrument med unntak av piano og trommer. Trommeelevar må nytte eigne trommestikker
- Piano og slagverk vert vaska etter kvar time med eingongsklut med såpevatn. Elev og lærar har kvart sitt slagverk og piano
- Det blir inntil vidare ikkje opna for band, barnekor og StudioX-undervisning på Granvin
- Elevane til Stanley Blackburn fortsett med digitalundervisning fram til sommarferien
- Elevane til Gunn Steinstad startar på eit seinare tidspunkt etter nærare avtale
- Elevane til Jo Henning Kåsin som har undervisning på tysdag/onsdag, startar med undervisning frå tysdag 26 mai
- Elevar i korpsa og juniorspelemannslaget får beskjedar via korpset eller lærar
Undervisning i Flatdal:
- Elevar som til vanleg har undervisning i Flatdal, fortset om mogeleg med digital undervisning heime viss ikkje anna er avtalt.
Smitteførebyggjande tiltak:
- Sjuke personar skal halde seg heime
- God hand- og hostehygiene og forsterka reinhald
- Halde minst 1 meter avstand og redusert kontakt mellom personar
Personar som kan vere fysisk til stades:
- Personar som ikkje har symptom på sjukdom
- Tilsette, brukarar og andre som har gjennomgått luftvegsinfeksjon, så lenge dei har vore symptomfrie i minst eit døgn
- Ved gjennomgått covid-19 gjeld eigne råd for når isolasjonen kan opphevast, gjeve av helsetenestene og Folkehelseinstituttet.
Personar som ikkje kan vere fysisk til stades:
- Personar som har symptom på luftvegsinfeksjon, sjølv ved milde symptom
- Personar som er i karantene og isolasjon. Det er viktig at tenestene kommuniserer dette til tilsette, brukarar og andre
Forsterka reinhald på utsette område:
- Toaletta og vaskeservantar bør reingjerast minimum dagleg ved dagleg bruk. Tørk over flater som toalettsete og kran på servanten regelmessig, avhengig av kor hyppig det er i bruk
- Eingongs papirhandkle og såpe bør vere tilgjengeleg, og vi må syte for at søppel blir tømt regelmessig
- Dørhandtak, trappegelender, armlene, andre bordflater og gjenstandar som ofte blir teke på, bør bli reingjort hyppig
- Utstyr som blir brukt av fleire (f.eks. nettbrett, skjermar som ein tek på, tastatur, leikar osv.) blir reingjort etter bruk
Du kan lese rettleiinga frå Folkehelseinstituttet, 9.5.20 her Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert