Program for 17. mai - Seljord, Flatdal, Åmotsdal

Digital 17. mai Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.!  Programmet for 17.mai er i år laga i samarbeid mellom Seljord kommune og dei tre 17.mai-komitèane i Seljord, Flatdal og Åmotsdal. Dette er ein heilt spesiell 17.mai, men det vert både korps, nasjonalsong, kulturinnslag, talar, kransar og flagg. 
For første gong vert det i år eit felles kulturprogram for heile kommunen, som vert sendt digitalt. Det vert òg live-sendingar i løpet av dagen. Digital strøyming skjer på heimesida til Seljord kommune, Facebook sida til Seljord kommune og Youtube. Her kan du sjå den digitale 17.maifeiringa! Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.  Del dagen din med oss! Vi vil gjerne sjå korleis du og dine feirar denne spesielle dagen! Del bilete og videoar med oss på Facebook-sida til Seljord kommune eller på Instagram. Bruk #17mai2020seljord og gjerne #visitseljord

17.mai-program Seljord 2020

09.00  Flaggheising på Nutheim (livesending)
           Flatdal skulekorps spelar

09.00   Flaggheising ved Granvin kulturhus
            Seljord Skulemusikk spelar.

10.45   Veteranbilkortesje frå Kommunehuset – Seljord kyrkje– Nesbukti - Kommunehuset
            Dei som ynskjer kan «henge seg på».

11.00  Hærmannsbautaen, Landstadmonumentet, Nesbukti (livesending)           

  • Kransnedlegging Hærmannbautaen
    Appell v/ ordførar Beate Marie Dahl Eide
  • Kransnedlegging og markering av Landstad-jubilèet
    Appell v/ soknerådsleiar Bergit Telnes Lisleåsheim           
  • Seljord Skulemusikk spelar           
  • Veteranbil-kortesja går vidare frå Kyrkja til Nesbukti           
  • Seljord Skulemusikk og Seljord juniorspelemannslag spelar på Nesbukti og Nestunet
  • Veteranbil-kortesja går vidare frå Nesbukti til Kommuneshuset

11.00   Flaggheising ved Steinmoen, Åmotsdal
            Appell ved Gunhild Teigland Kleivi

11.30  Køyretøy-tog frå kyrkja i Åmotsdal til Sneie og tilbake

13.00  Heile landet syng «Ja, vi elsker»

14.45  Mikrogudsteneste frå Seljord kyrkje v/ sokneprest Dag Harald Undheim (livesending)

15.00  Felles kulturprogram (livesending)

  • Tale for dagen v/ ordførar Beate Marie Dahl Eide  
  • Seljordsongen
  • Innslag frå 7. klassene v/ Seljord barne- og ungdomsskule og Flatdal oppvekstsenter
  • Johannes Rønjom Rue m/band
  • Utdeling av Kulturprisen og Kulturstipendet v/ ordførar
  • Kveing v/ Gisle Snarteland, og Mari Lia
  • Utdeling av Hurraprisen
  • Ja, vi elsker

Undervegs i sendinga vil det mellom anna kome innslag frå dei ulike arrangementa som har vore i løpet av dagen og frå skulane og barnehagane si 17.mai-feiring fredag 15.mai.

Alle livesendingar kan sjåast medan dei skjer, men dei vert òg lagt ut som eigne sendingar når dei er avslutta slik at det er mogeleg å sjå også i etterkant.

Felleskomitèen for 17.mai i Seljord kommune:
Ordførar Beate Marie Dahl Eide
Varaordførar Sondre Aasan
Kultursjef Asbjørn Storrusten
Leiar i 17.mai-komitèen for Seljord: Grete Venås
Leiar i 17.mai-komitèen for Flatdal: Sara Telnes Aase
Leiar i 17.mai-komitèen for Åmotsdal: Lone Haugen Kultan

Teknisk ansvarleg; Hans Inge Hagen, Jack Hagen

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?