Skulehelseteneste i mai og juni 2020

Tilbod til ungdom i Seljord frå 7.mai 2020.
Treng du nokon å prate med eller har du spørsmål om rus, seksualitet, kjønnssjukdommar, prevensjon, psykiske utfordringar eller kosthald? Me tilbyr også testing av SOI.
Helsesjukepleiar vil vere på helsesjukepleiar sitt kontor på ungdomsskulen i mai og juni.
TYSDAGAR OG TORSDAGAR kl 10.00 – 14.00
Ring for avtale på tlf: 995 14 174
Helsejukepleiar har ope kontor 2 dagar i veka for ungdom i Seljord kommune:
- Elevar som går på Vest Telemark vidaregåande skule,avd. Seljord
- Elevar som går på Seljord ungdomskule
- Ungdom opp til 24 år
Det er Tove Beate og Veronica frå helsestasjonen og skulehelsetenesta som vil vere tilstades.
Me følger nasjonale smittevernsreglar:
- Du kan ikkje kome viss du har symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon.
- Er du sjuk kan du få time på telefon. Ring først viss du er i tvil.
For barnetrinnet 5.-7.klasse:
For elevar på 5.-7.trinn på Flatdal oppvekstsenter og barneskulen i Seljord blir Veronica (måndag) og Gunhild (tysdag) ein dag kvar på skulen.
Sist oppdatert