Velkomen til barnehageoppstart 23.4.20 - Informasjon til føresette

På torsdag 23.april startar vi opp att med barnehage i Seljord kommune.Vi gler oss veldig til å ta i mot barna igjen.

Alle råd frå Styresmaktene våre tilseier at det er trygt å vere i barnehage. Barn og unge har så langt vist å ha særs låg risiko for alvorleg sjukdom med koronavirus. Risikoen er lågare enn for andre luftvegssjukdomar som barn kan bli ramma av, t.d. influensa og RS-virus.

Styresmaktene våre har laga ei god rettleiing for korleis vi skal rigge barnehagane for den endra situasjonen vi står i. Barnehagane våre samarbeider godt om å lage gode felles rutinar for arbeidet med barna, med hygiene og smittevern.

  • Barnehagen blir open frå kl. 8.00 - 15.00. Det blir kortare dag for å klare å fylgje retningslinene om små og faste grupper med barn og vaksne
  • Vi kjem ikkje til å servere mat i barnehagen. Alle må ha med niste og vann flaske. Me serverer mjølk. Kostpengar blir redusert
  • Kommuneoverlege og reinhaldsleiar har kursa alle tilsette i smittevern og hygiene. Vi følgjer nasjonale retningsliner for smittevern og hygiene.

For å avgrense smitte har vi no sett i gang ei rekkje tiltak i barnehagen. I perioden framover vil vi vere ekstra nøye med å tryggje godt smittevern. Dette avheng av at vi alle gjer ein innsats og følgjer dei nye råda. I barnehagen vil vi vere spesielt opptekne av å:

  • vaske hender og følgje opp borna slik at dei lærer gode rutinar for handvask
  • ha godt reinhald i barnehagen
  • vaske leiker jamnleg
  • vere ekstra mykje ute med barna i tida framover
  • ha mindre grupper av barn som er saman med faste tilsette

Vi skal framleis ta vare på barna sine behov for fysisk omsorg og sørgje for at alle barn opplever tryggleik, å høyre til og trivsel i barnehagen.

Nasjonale føringar:

  • Foreldre skal helst ikkje bli med inn i barnehagen
  • Vi prøver så langt det let seg gjere å ta imot barna ute. Barn bør ha uteklede når dei kjem i barnehagen
  • Barna skal ikkje ta med eigne leiker heimanfrå. Viss barnet ditt har ein eigen kosebamse for å sove, kan de ta med denne. Men det er ekstra viktig at han ikkje vert delt med andre barn i barnehagen
  • Handvask er like viktig heime som i barnehagen. Vask hendene før de kjem i barnehagen, og med ein gong de kjem heim. Fint om føresette kan øve på grundig handvask før barna kjem i barnehagen

Når skal barna ikkje kome i barnehagen:

  • Har barnet ditt symptom på sjukdom, også milde symptom, skal dei ikkje kome i barnehagen
  • Det er ekstra viktig no at barna er heime i minst 1 døgn etter at dei har blitt symptomfrie
  • Foreldre som har luftvegssymptom, skal ikkje følgje eller hente barn i barnehagen
  • Har foreldre eller nokon andre i husstanden fått påvist sjukdom med koronavirus, skal barnet heller ikkje kome i barnehagen
  • Viss barnet blir dårleg i barnehagen, må de hente barnet så fort det let seg gjere

Barnehagane vil sende ut meir detaljert informasjon etter kvart om oppstart av barehagane via MyKid.

Velkomen til barnehageoppstart!

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?