Frisklivsentral i Seljord kommune

I haust har Seljord Fysikalske oppretta Frisklivssentral i kommunen. Dette er eit tilbod for alle som bur i kommunen og som ynskjer hjelp og støtte til å endre levevanar, anten på grunn av helseutfordringar eller er i fare for å utvikle livstilrelaterte sjukdomar. Ein treng ikkje ha ei diagnose for å delta. Ein frisklivsresept inneheld 12 veker oppfylging  med helsesamtale, enkel testing av fysisk form og trening i grupper. Samtalene er gratis, men gruppetilbodet i 12 veker kostar 400kr. Er du interessert, ta kontakt med fastlegen din eller direkte med Ida Tollehaugen på fysioterapiavdelinga, tlf. 350 65 273

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?