Kontingentkassa - ny ordning for å stimulere barn og unge frå låginntektsfamiliar til å delta i organiserte fritidsaktivitetar
Seljord kommune har etablert ei tilskotsordning kalla Kontingentkassa. Ordninga er eit samarbeid med Telemark idrettskrets og Gjensidigestiftinga.Søknadar vil bli handsama fortløpande (ingen søknadsfrist), og midlar blir fordelt til kassa er tom. Ordninga gjeld barn og unge i alderen 6 år til dei er ferdige med vidaregåande skule, og som er del av familiar med låg inntekt.
Det er berre laget/organisasjonar (idrettslaget, korpset, koret, lokallaget o.l.) som kan sende søknad til kommunen etter ei vurdering av behov. Ressurspersonar som arbeider i kommunen, sosiallærar, flykingskonsulent, helsesjukepleiar, miljøterapeutar, barnevernstenesta m.m. kan og søkje. Barnet eller familien kan ikkje søke sjølve.
Les meir om ordninga her Pdf, 150 kB.
Sist oppdatert