Kommunehuset

Kommunehuset er ope for publikum mellom 9 og 15.00, sentralbordet er ope frå kl. 9.00-14.00 kvar dag. Du kan kontakte tilsette på telefon frå kl 07.45 - 15.30 kvar dag. Vi oppfordrar publikum til å gjere avtale med saksbehandlarar, sjå telefonliste og kontaktinformasjon. Alle besøkande må registrere seg ved sentralbordet, og vi ber om at alle spritar hendene før dei går vidare.

Helsestasjonen

Helsestasjonen:  
Brukarane av tenesta får nå oppfølginga som før koronakrisa. Fram til medio august er helsestasjoen lokalisert på legekontoret. Kontakt: Helsesjukepleiar tlf. 908 90 005 eller 35 06 52 50. Jordmor har kontor på Heddeli og kan kontaktas på mob. 905 98 106, evt. Jordmorvakta om det hastar på tlf 35 02 16 24.

Viktig informasjon for helsestasjonstenesta og svangerskapsomsorgen

Ring før du kjem til alle konsultasjonar, også jordmorvakta
Kom aleine. Søsken/partnar kan ikkje vere med 
Bli heime om du er forkjøla eller har andre symptom, og ta kontakt for vurdering og evt. ny avtale 
Ved behov blir smittevernutstyr nytta
https://helsenorge.no/koronavirus/barn-og-gravide

Symjehallen

Symjehallen er nå open fredag  kl 17-21 og laurdag 11-15 for fritidsbading for alle.
Bestill plass på http://www.springbook.no/kundeweb/seljordkommune/.

For meir informasjon:  
Kontakt Seljord symjehall ved hallstyrar Arek Smich 405 80 310 eller kultursjef Asbjørn Storrusten 917 96 785