Audiograf - høyreapparat

Sjukehuset Telemark og Vest-Telemark kommunane har ei ordning med ambulerande audiograf ein dag i månaden. Tilbodet blir gitt til alle innbyggjarane som har behov for det. Audiografen held til på Nesbukti pleie- og omsosorgssenter.

Det er mogleg å få utført:

  • generell bruk og stell av høyreapparat
  • søking av tekniske hjelpemiddel
  • audiogram, avtrykk til propp samt tilpassing og oppfylging av høyreapparat
  • nytt høyreapparat for tidlegare brukarar
  • siste time: service for enkle reparasjonar av høyreapparat

Nye brukarar over 65 år treng ikkje lenger til øyre-, nese- og halsspesialist før time hos audiograf. Eigenandel på kr 307,- for brukarar som ikkje har frikort eller bur på institusjon.

Ta kontakt med høyrselkontakt for timeavtale. Høyrselkontakt i Seljord kommune er Liv Boyesen, tlf 350 58 400.