Overvaking av koronasmitta viser at vi nå er på veg inn i ein ny smitttebølge som følge av ein ny variant av omikron (omikron BA.5). Sjølv om det er usikkert kor stor denne smittebølga blir,  anbefalar  FHI at dei eldste og mest sårbare får tilbod om ei ny oppfriskningsdose med koronavaksine frå 1. juli.  Tilbodet frå 1.juli gjeld aldersgruppa 75 år og eldre.
 

På grunn av ferieavvikling vil vi kunne tilby vaksine i Seljord frå starten av august. Meir praktisk informasjon om vaksinering og korleis ein kan bestille seg time vil kome på kommunen si heimeside i veke 30.

 
Gjennomgått omokroninfeksjon ser ut til å gje ein lågare grad av immunisering sammenligna med tidlegare variantar. På bakgrunn av dette anbefalar FHI oppfriskningdose til alle over 75 år sjølv om dei har gjennomgått infeksjon. Det bør vere minimum 3 veker mellom gjennomgått koronasjukdom og ny oppfriskningsdose, men eit lengre intervall vil som regel gje ein betre immunrespons. 
Oppfriskningsdose kan settast tidlegast 4 månader etter siste vaksinedose.