Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nye heimesider:

Vi har nye heimesider. Sidene er framleis under arbeid, men vi jobbar med å utvikle dei. ​Ta kontakt viss det er informasjon de ikkje finn, eller bruk "Fann du det du leita etter". 

Aktivitetssenteret

Aktivitetssenteret er eit nyskapande dagsenter for brukarar med tilknyting til Heddelitunet, Teneste for funksjonshemma og er lokalisert på Distriktspsykiatrisk Seljord, DPS.
På senteret har vi eit overordna mål: «Å løfte HEILE menneske». 
Med tydlege verdiar lagt til grunn tilbyr me eit dagtilbod av høg kvalitet, der fokus er å skape gode dagar der kvar enkelt skal kjenne på tryggleik, likeverd, glede, mestring og fridom til å vere seg sjølv. 
Gjennom temabasert læring, kreativitet og skaparglede  utviklar kvart individ seg. På senteret rustar me også kvarandre til å vere gode inspiratorar for andre i og utanfor kommunen. Me tilbyr workshops og underhaldning for andre yrkesgrupper, organisasjonar, institusjonar. 

Dagleg leiar: Katrine Hiis
Tlf.: 45 88 95 68