BARNEHAGEPLASSAR 2020/2021:

  • Seljord barnehage, avd. Heddeli og Tussejuv:          3 og 5 dagars tilbod
  • Flatdal oppvekstsenter, avd. barnehage:                   3 og 5 dagars tilbod                                    

Du kan berre søke elektronisk på barnehageplass. Søknadsskjema finn du på kommunens heimeside under "skjema", sjå Foreldreportalen: http://www.seljord.kommune.no/.
Nytt barnehageår startar måndag 17.8.2020  for nye barn/plassar.
Dei som alt har plass, har denne inntil dei søkjer om endring eller seier opp plassen.

Barn som fyller eitt år innan utgangen av november har rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år. Retten gjeld berre viss det er søkt innan 1.mars til hovudopptaket.

Barn som fyller eitt år seinare enn november, og som ikkje får plass i hovudopptaket, vil bli sett opp søkarliste og tildelt plass dersom det blir ledig plass i barnehagane. Det blir tildelt ledige plassar ut frå retningslinene i Vedtekter for barnehagane i Seljord. 

Søknadsfrist 1. mars 2020.  Send søknad elektronisk
https://www.seljord.kommune.no/skjema-a-aa.480114.nn.html