Seljord kommune er saman med Notodden sjukehus og dei andre kommunane i øvre Telemark med på satsinga «Det gode pasientforløp». Saman med Folkehelseinstituttet og KS arbeider vi for å utvikle gode, heilskaplege og funksjonsbaserte pasientforløp.

Eit tilbod til alle kommunar og helseforetak
I Stortingsmelding nr. 15(2017–2018) «Leve hele livet» kom det framlegg om å vidareføre arbeidet med satsinga på Gode pasientforløp. Alle kommunar og helseforetak skal få tilbod om å vere med i eit regionalt læringsnettverk. Forslaget baserer seg på dette arbeidet i regi av Folkehelseinstituttet og KS.

I 2014–2015 gjennomførte ein eit nasjonalt og eit regionalt læringsnettverk for Gode pasientforløp. Erfaringane var gode, og gjennom regionalt nettverk blei deltaking frå helseforetaket tydeleggjort. Helse- og omsorgsdepartementet utvida oppdraget til åtte nye læringsnettverk i perioden 2016–2019. Dette har leia til forslaget om å utvide satsinga til utgangen av 2022 for å auke kvaliteten på tenestene til helse- og omsorgssektoren.

Det er ofte i overgangane i eit pasientforløp at kvaliteten glepp. I denne satsinga er arbeidet konsentrert om å finne utfordringar i tenestebildet ved å intervjue pasientar og brukarar for å lære av opplevingane deira.

Merksemda er retta mot tenester i kommunar og helseforetak, og i overgangane mellom nivå og tenester, der det handlar om at brukaren/pasienten opplever ein heilskap og samanheng i tilbodet. Læringsnettverka bidreg med metodar og verktøy for å forbetre dagens praksis.

Måla for Gode pasientforløp:

  • Flytte merksemda frå «kva er i vegen med deg» til «kva er viktig for deg» for å styrke brukarrolla og bidra til likeverd og eigenmeistring hos pasient/brukar
  • Styrke merksemda på det som fremmer betre helse
  • Kommunar og helseforetak arbeider systematisk saman
  • Oppfølging av pasientforløpa ved hjelp av standardiserte målepunkt

Les meir om "Det gode pasientforløp" - KS

Kick off i Seljord
Onsdag 16. februar hadde vi kick-off for satsinga i Seljord. Her samla vi omlag 60 deltakarar frå Helse- og omsorgssektoren i Seljord til ein temakveld med fagleg påfyll, pasientforteljingar og underhaldning. Det var ein flott kveld med stort engasjement frå deltakarane.