Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

75 år sidan frigjeringa!

Publisert , Oppdatert 08. mai 2020
Norsk flagg

I dag flaggar vi, det er 75 år sidan frigjeringa 8. mai. I samband med jubiléet har IKA-Kongsberg, der også Seljord kommune lagrar arkiv, laga ein artikkel om kommunane si rolle i overgangen frå krig og okkupasjon tilbake til demokrati. Artikkelen startar slik. Det er ikkje ofte ein finn utbrot av sterke kjensler eller poesi i møtebøkene til kommunestyra, men her i møteboka frå Seljord heradstyre stend denne overskrifta som me kanskje kan ta som ein prolog til etterkrigstida, truleg skrive av mellombels ordførar Lavrants Rui: «’No er det i Norig atter dag med vårsol og song i skogen!’ Norig er fritt, er mitt og ditt – Hurra!». Kanskje aktuelt lesestoff i helga?