4-dagarstilbodet i barnehagane blir gjenninnført frå 17.august 2020

Publisert , Oppdatert 24. februar 2020
Denne artikkelen er over 2 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Children play

Barnehageleik Taras Yakovyn

Formannsskapet vedtok på torsdag å gjeninnføre 4-dagarstilbodet i barnehagane i Seljord frå nytt barnehageår.

Det betyr at alle foreldre no kan søke om både 3,4 og 5-dagarstilbod. Har du allereie søkt om 3 eller 5 dagar kan du søke på nytt. Vi vil i så fall annullere den fyrste søknaden.
Hugs å bruke merknadsfeltet til å skrive kva for vekedagar du ynskjer. Vi har utsett søknadsfristen til 15.mars for å sikre at alle får god tid til å søke.
Tilbodet vil fyrst gjelde frå 17.august 2020.