Denne dagen har vore offisiell FN-dag sidan 2013. Ein tredel av alle menneske lever utan tilfredstillande toalett- og sanitærforhold, og i Noreg brukar mange toalettet som søppelbøtte. I forbindelse med verdas toalettdag ønsker Seljord kommune å sette litt ekstra fokus på kva som skal kastast i do, og kva som ikkje skal.

Det er viktig at alle veit kva som skal kastast  i do, kva som IKKJE skal, og ikkje minst kva konsekvensar det har om ein brukar toalettet som søppelbøtte. Du skal ikkje kaste q-tips, våtserviettar, plasthanskar, tampongar/bind, klutar og liknande i toalettet. Du skal heller ikkje kaste feitt, verken i vask eller toalett. Eit tips er å la feittet stivne og kaste det i matavfallet.

Alt som blir kasta i do og som ikkje høyrer heime der, fører til tette rør og driftsproblem ved reinseanlegga og pumpestasjonane.

Konsekvensen av å bruke toalettet som søppelbøtte er:

- auka kostnadar og avgifter
- at kommunen får problem med å greie sine reinsekrav som forureiningsmyndigheit
- at det kan føre til at kloakken slår tilbake i røra og kjem opp i kjellaren til den enkelte

Les meir på http://fettvett.no/ og http://dovett.no/