Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Hurra! 200 000 kr frå Sparebankstiftinga til Seljord bibliotek

Den 12. april fekk Seljord bibliotek overrekt 200 000 kr frå Sparebankstiftinga til investering i soneskapande møblar i biblioteket. Det har lenge vore etterlengta å få på plass fleire stillesonar og skjerma område der ein kan sitje i fred og ro å arbeide eller lese. Til dømes saknar mange barn og ungde ein roleg plass å gjere lekser, arbeide med gruppearbeid eller spele spel utan å bli forstyrra av andre. Det same gjeld studentar som har heimeeksamen eller besøkande som skal gjennomføre digitale møte.

Seljord bibliotek søkte derfor Sparebankstiftinga om støtte, og fekk den gledelege tildelinga i april i år. No ser dei fram til å velge ut passande møblar og legge endå betre til rette for barn og unge i biblioteket.

Bilete av dei tilsette ved Seljord bibliotek, som har fått støtte frå Sparebankstiftinga

Biblioteket fekk støtte frå Sparebankstiftinga

Publisert