Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
: 01.03.2019Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Tone Bøhn

Lærlingar i Seljord

Informasjon om lærlingordninga i Seljord kommune

Seljord kommune tek inn lærlingar i helsefag og Barne-og ungdomsarbeidarfag. 

Helsearbeidarfag:

Lærlingtida er plassert på Nesbukti pleie-og omsorgsenter, delt på somatisk avdeling, avdeling for demente og i heimetenesta.

Fagleg leiar er Kristin Tørre.

Kommunen tek inn ein ny lærling kvart år. Frist for å søke er 8.mars 2019.

Barne-og ungdomsarbeidarfag:

Lærlingtida er stort sett fordelt mellom Heddeli barnehage og Seljord SFO/barneskule og på Vest-Telemark vidaregåande skule, Seljord.

Fagleg leiar er Tone Bøhn

Kommunen skal ta inn neste nye lærling hausten 2020.

Ta kontakt med lærlingekoordinator Tone Bøhn i Seljord kommune viss du har spørsmål.


Seljord kommune har meldt seg inn i OKOS, Opplæringskontoret for offentlig sektor i Telemark, frå 1.mars 2019. Søknader om læreplass må gå gjennom OKOS og ein bør registrere søknaden gjennom VIGO. Der er fristen 1.mars.

Lærling
  • Brukarmedverknad i skulen

  • Opplæring i grunnskule og vidaregåande skule – innhald og timetal

  • PP-tenesta

    Generelt

    PP-tenesta heiter eigenleg pedagogisk-psykologisk teneste og hjelpar skulen med å gje tilpassa opplæring til elevane.

    Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal gjere ei fagleg vurdering - ei såkalla sakkunnig vurdering. Vurderinga skal vise om barnet treng spesialpedagogisk hjelp og vil foreslå eit tilbod for barnet, foreldra eller barnehagen.
     
    Det er opplæringsloven som krev at PPT gjer denne vurderinga, då PPT er både fagleg kompetent og ein nøytral part.
     
    PPT skal gjere ei sakkyndig vurdering i desse tilfella:
    • Søknad om tidleg eller utsett skulestart
    • Spesialpedagogisk hjelp
    • Spesialundervisning
    • Fritak frå opplæring
    • Punktskriftopplæring
    • Teiknspråkopplæring
    • Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
    • Inntak til særskilt utdanningsprogram i vidaregåande
    • Utvida opplæringstid i vidaregåande skule

    Målgruppe

    Born, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

    Vilkår

    Du har ikkje eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

    Brosjyrer

    Lovar og retningsliner

    Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.

    Sjå:
    barnehageloven § 19 a Rett til spesialpedagogisk hjelp
    opplæringslova § 5-6 Pedagogisk-psykologisk teneste
    forskrift til opplæringslova, kapittel 5 Klage på vurdering

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.

    Du kan kontakte kommunen for å få hjelp med tilvisinga.


     

    Søknadsfrist

    Tilvisingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

    Søknadmottakar


     

    Behandling

    Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om spesialundervisning o.a.

    Behandlingstid

    Førespurnader om tilvising blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

    Merknadar

    Når born får spesialpedagogisk hjelp / spesialundervisning utanfor bustadkommunen etter avtale, og når born blir plasserte av barnevernstenesta utanfor bustadkommunen, vil PPT i vertskommunen ha ansvaret for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering. Sjå forskrift til opplæringslova § 18-1.

  • Rådgiving i skulen

  • Skriftleg sidemål - fritak frå opplæring/vurdering med karakter

  • Skuleskyss

  • Skulestart

  • Spesialpedagogisk hjelp til barn

  • Spesialundervisning

  • Vidaregåande opplæring for vaksne

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk