Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 29.09.2017Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Finn-Arild Bystrøm

Beredskap

Informasjon om beredskapen i Seljord kommune

Beredskapen i Seljord kommune er leia av ein kriseleiingsstab. Staben består av personar som i kraft av si stilling, politisk eller administrativt, har kunnskap og/eller myndigheit til å setje i verk tiltak raskt og effektivt. 

Kriseleiingsstaben er leia av rådmann.

Ordførar/varaordførar har plass i staben. Ordførar representerar høgste myndigheit for å taka avgjerder i høve til å kunne overskride budsjett i krisetilfelle.

Kriseleiinga sett i gang tiltak, koordinerer alle involverte partar, og har ansvar for informasjon til innbyggjarane.

Kommunal heimeside med tilhøyrande Facebookside vil vere sentral kommunikasjonsplattform i slike tilfelle.

Kommunalt kriseteam:

Kontakt med kriseteamet kan formidlast gjennom legevakt, politisentral, brannvesen og ambulansetenesta.

Viktige telefonar: 

Legevakt i Seljord: 35 05 00 05 / 116 117

Seljord/ Notodden legevaktsentral: 35 05 00 05/

Seljord kommune, sentralbordet: 35 06 51 00

113 : AMBULANSE. Ved livstrugande tilstandar eller ulykker  

110: BRANN  

112: POLITI 

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk