Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Psykisk helse og rus

Informasjon om tenesetilbodet innafor Psykisk helse og rus

Avdelinga skal yte tenester til innbyggarar i Seljord kommune som slit med psykisk helse og / eller bruk av rusmidlar.

Målet med tenestene er å bidra til å fremme sjølvstende og styrke evna til å meistre eige liv, samt å bidra til å bryte /motverke isolasjon og inaktivitet.
Personalet i avdelinga har tverrfagleg kompetanse, og arbeider 2-delt turnus på dag, kveld og helg.

Avdelinga har fylgjande tilbod:

  • Samtaler individuelt og i grupper
  • Heimebesøk / miljøarbeid
  • Ulike aktivitetar for å bryte / motverke isolasjon og inaktivitet
  • Tilbod til familiar og pårørande
  • Koordinering av aktuelle tenester, ansvarsgruppe m.m
  • Kriseplan / Individuell plan
  • Ljosterapi
  • Fredagskafé

Avdelingsleiar: Gunn Marit Sandsdalen
Telefon: 40 91 35 60 / 350 65 133

Vakttelefon psykisk helse og rus:  91 86 78 49

Søknadsskjema finn du under Skjema frå a-å

 

  • Dagtilbod - aktivitetstilbod

  • Elevar - det fysiske arbeidsmiljøet

  • Elevar - det psykososiale arbeidsmiljøet

  • Gravide rusmiddelmisbrukarar - bruk av tvang

  • Helsetenestetilbod til flyktningar og asylsøkjarar

  • Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)

  • Mobbing - mottiltak

  • PP-tenesta

  • Psykiske helsetenester

  • Rusmiddelmisbrukarar - tiltak

  • Skulestart

  • Spesialpedagogisk hjelp til barn

  • Spesialundervisning

    Generelt

    Spesialundervisning er ei tilpassa form for opplæring som kan gjevast til elevar som treng det.

    Viss du som forelder er bekymra for at barnet ditt ikkje får godt nok utbytte av opplæringa, kan du krevje at skulen undersøkjer om barnet treng spesialundervisning.
     
    Spesialundervisning er eit tilbod skulen har for elevar som treng noko anna enn den vanlege undervisinga. Spesialundervisning er ein rett, men det må gjerast ei fagleg vurdering før retten inntrer. Det er den pedagogiske-psykologiske tenesta som gjer den faglege vurderinga.
     
    Spesialundervisning kan til dømes vere at eleven jobbar etter andre læringsmål enn andre elevar, at ein lærer eller assistent følgjer opp eleven i klassa eller at eleven får særskilt tilpassa utstyr.

    Målgruppe

    Elevar i grunnskule og vidaregåande skule

    Vilkår

    Skulen har plikt til å vurdere og eventuelt prøve ut tiltak for å sikre deg eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa før pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) gjer ei sakkunnig vurdering.

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Even Fossum SvendsenKommunalsjef Undervisning3506510590603404Send Epost

    Kontaktavdeling

    Undervisningssektoren

    LederFossum Svendsen, Even
    Telefon35065105
    E-posteven.f.svendsen@seljord.kommune.no
    Postadresse3840 SELJORD
    Besøksadresse3840 SELJORD

    Lovar og retningsliner

    Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå spesielt opplæringslova kap. 5 Spesialundervisning

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Du eller foreldra dine kan krevje at skulen gjer dei nødvendige undersøkingane for å finne ut om du treng spesialundervisning og kva for opplæring du eventuelt treng.

    Søknadmottakar

    Post Seljord
    Brøløsvegen 13 A
    3840 Seljord

     

    Behandling

    Før det blir gjort ei sakkunnig og før spesialundervisning blir sett i verk, skal det innhentast samtykke frå deg eller foreldra dine. Du eller foreldra dine har rett til å sjå den sakkunnige vurderinga og til å uttale dykk før det blir gjort vedtak. Et positivt vedtak skal spesifisere omfanget, innhaldet og organiseringa av spesialundervisninga.

    Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

    Behandlingstid

    Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk