Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Barnehage

Seljord kommune har fire kommunale barnehagar, to i sentrum, Tussejuv og Heddeli, i tillegg Flatdal barnehage og Åmotsdal barnehage.

Barnehagane er opne frå kl 07.30 - 16.30 fem dagar i veka.

Barnehagane er stengt tre veker på sommaren, veke 28, 29 og 30 ( nytt frå sommaren 2019), i tillegg er dei stengt i romjola og 5 planleggingsdagar i løpet av året.

Søknadsfrist for å søke om ny barnehageplass eller endring av plass ved hovudopptaket er 1.mars.

Sandkasseleik
  • Barnehageplass

    Generelt

    Du har rett til barnehageplass når barnet ditt er over eitt år. Du må søkje kommunen om plass i barnehage.

    Er barnet født mellom januar og juli har det rett til barnehageplass i august året dei fyller eitt. Fyller barnet eitt år i august, september, oktober eller november har det rett til barnehageplass månaden dei fyller, mens dersom barnet er fyller eitt år i desember, har ikkje barnet rett til barnehageplass før fyrstkomande august.
     
    Kommunen sørgjer for at det er felles opptak for alle barnehagane i kommunen, men kvar barnehage kan velje eige formål, opptakskrins, opptakskriterium og eigarform.

    Målgruppe

    Barn 0 til 6 år som bur i kommunen.

    Vilkår

    Desse blir prioriterte ved opptak:

    • Barn med nedsett funksjonsevne
    • Barn som barnevernstenesta har overteke omsorga for
    • Barn som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

    I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium.

    Fylgjande barn vert prioriterte ved opptak:

    a. Barn med nedsett funksjonsevne, jf. § 13 i barnehageloven.

    b. Barn som barnevernet har fatta vedtak om etter barnevernsloven §§ 4-4 og 4-12.

    c. Barn som er tilrådd av faginstans.

    d. Barn av innvandrarar som deltar i introduksjonsprogrammet.

    Barn som har plass og ynskjer utviding av tilbodet i same barnehage, vil bli prioritert før inntak av nye barn.

    Ut over dette får det eldste barnet plass. Opplysningar som går fram av søknaden ift heimesituasjon kan bli vektlagt.

    Under elles like forhold blir søsken til barn som alt har plass, og byte av barnehage innanfor kommunen, prioritert.

    Pris

    Maksimalpris
    Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass. Maksprisen frå 1. august 2019 er 3 040 kroner per månad.
     
    Har du fleire barn i barnehagen?
    Dersom du har meir enn eitt barn i barnehage i same kommune, skal kommunen sørgje for at du får reduksjon i foreldrebetalinga. Det blir kalla søskenmoderasjon. Du skal få søskenmoderasjon uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar, og i barnehagar med forskjellige eigarar.
    Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 prosent, og for det tredje barnet og oppover er det 50 prosent reduksjon.
     
    For deg med låg inntekt
    Det er to ordningar for hushald med låg inntekt:
     
    Reduksjon i pris
    Ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen.
     
    Gratis kjernetid
    Alle familiar med lågare samla inntekt enn 548 500 kroner har rett til 20 timar gratis kjernetid i barnehagen i veka.
     
    Søk på eige skjema for redusert betaling og gratis kjernetid.

    Partnarar

    • Helsestasjonen
    • PPT
    • Barnevernet

    Lovar og retningsliner

    Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.

    Sjå
    Barnehageloven § 7, § 8, § 9, § 12, § 12a og § 13.
    Barnevernloven § 4-4 - hjelpetiltak for barn og barnefamilier
    Forskrift om foreldrebetaling i barnehagen § 3 Moderasjonsordninger

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Du søkjer via eit søknadsskjema til kommunen.

    Det finnes eigne skjema for redusert betaling, gratis kjernetid og syskenmoderasjon.

    Vedlegg

    Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet.

    Søknadsfrist

    1.mars

     

    Søknadmottakar

    Bruk elektronisk søknadsskjema. Du finn det under Sjølvbetening

     

    Behandling

    Tildeling av plass skal skje etter dei fastsette opptakskriteria som gjeld for barnehagen. Ønska og behova dine skal ein leggje stor vekt på. Du skal meldast skriftleg om og i kva barnehage du har fått tilbod om plass.

    Har du ikkje fått oppfylt det første ønsket ditt, har du rett til å bli sett på søkjarliste ved denne barnehagen. Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria.

    Dersom du ikkje har fått tilbod om plass, skal du få skriftleg melding om dette. Samtidig skal du få melding om at du kan krevje ei grunngiving for avgjerda, at du har rett til å klage og fristen for å klage.

    Dersom barnet ditt har rett til prioritert plass og du ikkje har fått tilbod om plass, har du rett til ei skriftleg grunngiving, melding om retten din til å klage og fristen for å klage.

    Høve til å klage

    Du kan klage dersom
    • du har fått avslag på søknaden om barnehageplass
    • du har fått plass, men ikkje fått oppfylt verken første eller andre ønske.
    Du må sende klaga innan 3 veker frå du mottok avgjerda. Dersom du bruker retten din til å krevje ei grunngiving, er klagefristen 3 veker frå du mottek grunngivinga.
     
    Dersom kommunen kjem til at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal du få tilbod om første ledige plassen etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.

    Merknadar


    Vi minner på rett til å søke redusert betaling for barnehageplass. Les meir om ordninga her

  • Dagmamma - godkjenning

  • Familiebarnehage - etablering og drift

  • PP-tenesta

  • Skulestart

  • Spesialpedagogisk hjelp til barn

  • Spesialundervisning

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk