MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Kommunevåpenet

KommunevåpenI 1987 bad Seljord kommune folk om å sende inn framlegg til kommunevåpen.  Då fristen for konkurransen gjekk ut 1. mars, hadde det kome inn 92 framlegg.  14 av desse blei sendt til Riksarkivet for vurdering.  Om lag to år seinare, 27. april 1989, vedtok eit samrøystes kommunestyre Trygve Magnus Barstad sitt framlegg. 

I statsråd 15. september same år blei det fastsett følgjande:  "Vedtak av Seljord kommunestyre 27. april 1989 om våpen og flagg for kommunen vert godkjent.  Seljord kommunes våpen skal vera:  På raud grunn ein gul sjøorm.  Seljord kommunes flagg skal vera:  På raud grunn ein gul sjøorm."

Sist oppdatert 11.12.2009