Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Feiring av toppresultat ved Ungdomsstrinnet på Seljord barne- og ungdomsskule

Tysdag publiserte Utdanningsdirektoratet grunnskulekarakterar og grunnskolepoeng for skuleåret 2018-19 i skoleporten.no.
Direktoratet skriv at elevkullet som gikk ut av grunnskulen våren 2019 har i snitt 42 grunnskolepoeng.
For Seljord kommune kan vi notere at årets avgangselevar kan skilte med gjennomsnittleg grunnskulepoeng på heile 44,1.

Det er det høgaste poengtalet som kommunen har registrert i skoleporten. Denne statistikken går tilbake til 2007. Årets resultatet ligger 2,9 poeng over samanliknbare kommunar, det er 3,6 poeng over snittet i Telemark og 2,9 poeng over det nasjonale snittet. Dette er eit fantastisk resultat! Kommunalsjefen saman med ordførar har i dag vore på Seljord barne- og ungdomsskule og gratulert rektor og tilsette på ungdomstrinnet med det flotte resultatet. Årets eksamensresultater har vore utroleg bra, vi kan notere oss med snittkarakterar på heile 4,9 i samfunnsfag og 4,7 i matematikk. Vi har flinke og flotte ungdomar, og særs dyktige lærarar som saman har fått til dette.
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk