Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kontingentkassa

Seljord kommune har etablert ei tilskotsordning kalla Kontingentkassa. Ordninga er eit samarbeid med Telemark idrettskrets og Gjensidigestiftinga. Ordninga gjeld barn og unge frå familiar med låg inntekt, og skal bidra til at dei kan delta i organiserte fritidsaktivitetar.

Søknadar vil bli handsama fortløpande (ingen søknadsfrist), og midlar blir fordelt til kassa er tom. 

For kven:
Barn og unge i alderen 6 år til dei er ferdige med vidaregåande skule, og som er del av familiar med låg inntekt.  

Kva kan ein få støtte til:
Kontingentar, aktivitetar og utstyr til enkeltpersonar slik at barn og unge, uavhengig av foreldra sin inntekt, kan delta på organiserte fritidsaktivitetar. Det vil etterkvart bli mogleg å skaffe syklar innanfor ordninga. Ta kontakt for å sjekke status. 

Kor mykje:
Inntil kr 3.000,- i tilskot per person per år som ei eingongsstøtte. I særskilde høve kan ein få ytterlegare støtte til t.d. deltaking i lagturnering, cup og leir. 

Kven kan søkje (på vegne av barnet):
Det er berre laget/organisasjonar (idrettslaget, korpset, koret, lokallaget o.l.) som kan sende søknad til kommunen etter ei vurdering av behov. Ressurspersonar som arbeider i kommunen, sosiallærar, flykingskonsulent, helsesjukepleiar, miljøterapeutar, barnevernstenesta  m.m. kan og søkje.
Barnet eller familien kan ikkje søke sjølve. 

Krav til søker:
Den som søker har ansvar for å følgje opp at barnet/ungdommen deltek i aktiviteten det er søkt støtte til. Dette betyr at den som søker skal hjelpe barnet til å hugse på/komme seg til aktiviteten i starten, ikkje at den vaksne må følge barnet på alle aktivitetane. Oppfølginga kan og innebere å sjekke at kontingenten er betalt eller liknande. Det er den som søker som må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå kontingentkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. (Kontingentkassa er ikkje meint å vere eit handslag til lag- og foreiningar som har trøbbel med å inndrive kontingenter.) Det er barnets/familiens situasjon som er avgjerande. 

Krav til søknaden:
Vedlagte søknadsskjema må nyttast. Ver nøye med å fylle ut heile søknadsskjemaet, og hugs å legge ved eventuelle fakturaer, kvitteringar eller liknande. 

Spørsmål om ordninga:
Ta kontakt med kontaktperson for Kontingentkassa kultursjef Asbjørn Storrusten  as@seljord.kommune.no, tlf 91 79 67 85 

Søknadsskjema om tilskot frå Kontingentkassa 2019 finn du på skjemasida vår

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk