Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
: 13.06.2019Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Tone Bøhn

Redusert barnehagebetaling

Har du og familien samla inntekt under kr 557 333? Då har du rett på redusert betaling for barnehageplass. Viss inntekta til familien er under kr 548 500 og du har barn over 2 år (nytt frå 1.august), har du rett på gratis kjernetid på 20 timar i barnehagen. Men for å nytte godt av ordninga, må du søke. Søknadsfrist er 1.august for å få redusert betaling frå neste barnehageår.

Frå 1.8.2019 blei grensa for kva foreldre maks kan betale for ein barnehageplass endra til kr 3.040,- 

Det er to ulike moderasjonsordningar, båe avhengig av foreldra si samla brutto inntekt: 

  • Moderasjonsordning der foreldrebetaling for ein barnehageplass maksimalt skal utgjere 6 % av familien sin samla person- og kapitalinntekt. Dette blir rekna ut individuelt.
    Inntektsgrensa kr 557.333,- pr 01.08.19. 
  • Ordning med gratis kjernetid på 20 timar/veka for 2-3-4-5-åringar. Ordninga blir utvida til og å gjelde 2-åringar frå 1.8.19
    Inntektsgrensa kr 548.500,- pr. 01.08.19 
For å få reduksjonen i betaling og gratis kjernetid må du søke kvart år. Søknadsfristen er sett til 1.august eller i samband med ny søknad seinare i året. Du kan søke undervegs i barnehageåret. Ei eventuell endring i barnehagebetaling vil då gjelde frå 1. i neste månad. 

Du må leggje ved dokumentasjon av familiens inntekt. Helst legg du ved siste skattemelding, men du kan og leggje ved inntelkstmelding frå NAV, arbeidsgjevar e.l. viss det er store endringar i inntekt frå siste år.

Merk at det er familiens samla inntekt som gjeld som grunnlag for utrekning av betaling.

Også dei som alt har redusert betaling, må søke!

Har du spørsmål om ordninga, ta kontakt med kommunen ved Tone Bøhn, pedagogisk konsulent.

Du finn søknadsskjema på skjemasida på nettsida vår. Du finn og meir informasjon om ordninga under Avgifter og gebyr

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk