Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kartlegging av breiband og mobiltelefoni

Samferdselsdepartementet har utarbeidd nye retningsliner for støtte til utbygging av breiband i område som ikkje er kommersielt lønsame å byggje ut.Seljord kommune planlegg å søkje om tilskot til utbygging av breiband der det er dårleg/ usikker dekning. Føresetnaden er at Seljord kommune set av eigendel til prosjektet.

For 2019 planlegg kommunen å søke utbygging for områda Telnes/ Garvik/Seljordsheii og Vefall/Brekke. 

For at kommunen skal bli betre kjent med kva for område som har dårleg breiband/ mobildekning, slik at eventuelle framtidige utbyggingar kan bli prioritert, inviterer vi alle til å sende inn ei høyringsuttale. 

Denne bør innehalde fylgjande: 

  • Ei kort grunngjeving/ problem 
  • Adresseopplysningar med husnummer og gards-og bruksnummer 
  • Tal på bueiningar dersom du melder inn på vegne av fleire 
  • Resultat frå måling med appen Nettfart - både WiFi og mobilnett 
Send uttala med e-post til post@seljord.kommune.no innan 10. mai 2019 

Bruk gjerne appen nettfart.no for å sjekke dekning for WiFi og mobilnett der du bur. Målingar lokalt verifiserer kapasitet og dekning for søknaden til staten om midlar. 

Les meir på Nasjonal kommunikasjonsmyndighet og Nettfart 


  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk