Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Informasjon om 5 dagars skule og SFO frå hausten 2019

Frå skulestart hausten 2019 vil det skje fleire endringar på barnehage- og skuleområdet. Endringane er baserte på vedtak om omlegging til 5-dagars skuleveke, omstillingsprosess med samanslåing av dagens avdelingar og budsjettet til kommunen for 2019.

Vi har no laga eit informasjonsskriv om  organisering av ny skuledag for 1.-4.klasse. Med endringane av skuledagen vil og SFO-tilbodet endre seg.

Skrivet vil og bli sendt ut via barnehagane til foreldre til kommande 1.klassingar, og via barneskulane til alle elevar i 1.-3.klasse.

Vi har no opna nytt søknadsskjema for SFO-plass. Sidan SFO-tilbodet blir så pass endra, vil vi be alle foreldre som alt har plass i SFO, om å søke ny plass i nytt skjema. Ny plass vil då gjelde frå 19.august når skulen startar.

Alle som har plass i SFO idag vil  ha plassen fram til sommarferien startar, og betaler for den fram til og med 15.juni. Bruk av SFO i sommar blir basert på kjøp av dagar, og blir fakturert i tillegg til vanleg faktura for august.

Du kan lese heile informasjonsskrivet om skuledagen og SFO frå august her

Du finn søknadsskjema for SFO-plass for skuleåret 2019-20 her. Søknadsfrist for å søke om plass eller endring av plass i SFO for 2019-20 er 15.april 2019

Du finn prislista for tilboda frå 19.8.19 her


  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk