Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Barnehageplass 2019-2020

Du kan no søke barnehageplass for neste barnehageår, 2019-2020. Søknadsskjemaet er opna og ligg under Skjema på heimesida vår. Søknadsfristen er sett til 15.mars.

Seljord kommune har endra tilboda i barnehagane. Du kan no berre velje mellom 3 og 5 dagars tilbod. Det betyr at alle som i dag nyttar 2 og 4 dagars tilbod, må søke endring til 3 eller 5 dagar. 

Du kan velje mellom: 

  • Sentrumsbarnehagane, Heddeli og Tussejuv : 3 og 5 dagars tilbod 
  • Flatdal barnehage: 3 og 5 dagars tilbod 
  • Åmotsdal barnehage: 3 og 5 dagars tilbod                                  
Du kan berre søke elektronisk på barnehageplass. Søknadsskjema finn du på kommunens heimeside under "Skjema" 

Dei som alt har plass, har denne inntil dei søker om endring eller seier opp plassen. 

Barn som fyller eitt år innan utgangen av november har rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år. Retten gjeld berre viss det er søkt innan 15.mars til hovudopptaket. 

Barn som fyller eitt år seinare enn november, og som ikkje får plass i hovudopptaket, vil bli sett opp søkarliste og tildelt plass dersom det blir ledig plass i barnehagane. 

Det blir tildelt ledige plassar ut frå retningslinene i Vedtekter for barnehagane i Seljord.  

Søknadsfrist 15. mars 2019.  Send søknad elektronisk. Skjemaet finn du under Skjema  Hugs å bruke skjemaet for barnehageåret 2019-20.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk