Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 03.09.2018Kontaktavdeling: Undervisning - Kulturskulen Kontaktperson: Tore Sognefest

Dansekurs i kulturskulen

Seljord kulturskule arrangerer dansekurs frå og med 18.september til 13.november. Dansekursa er for barn i 1.-7. klasse. Undervisninga vert halden i dansesalen på Seljord Folkehøgskule.

Kurslengde:
8 gonger (haustferie i uke 41, ikkje dans den veka).

Påmelding:
Send epost til tore.sognefest@seljord.kommune.no innan fredag 14. september 2018. Du kan også melde deg på elektronisk på Seljord på kulturskulen sitt digitale skjema på skjemasida til Seljord kommune  

Skriv fødselsdato og fullt namn på dansar, i tillegg til namn og kontaktinfo til ein føresett.

Pris: 350,- for 8 gonger

Ved behov kan det blir gjort litt endringar i inndelinga av grupper og starttidspunkt. Dette blir i så fall gitt beskjed om før oppstart.

DANSEKURSA:

- Tysdagar 15:45-16:30 – dans (1.-3. klasse)
I denne timen fokuserer vi på forskjellige sider ved dansen og skal innom blant anna jazzdans, klassisk ballett og improvisasjon. Det blir også fletta inn ein del danseleik og kreativt arbeid, slik at barna blir kjent med ulike måtar å bevege seg på. Timane blir varierte og tilpassa gruppa sitt behov, erfaring og ønskjer. Timen varar i 45 min.

- Tysdagar 16:45-17:45 – jazzdans/moderne dans (4.-7. klasse)
Timen baserar seg på grunnleggjande teknikkar både frå jazz og moderne dans. I løpet av kurset jobbar vi med styrke, musikalitet, fleksibilitet og uttrykk. Timane består av oppvarming og teknikk, kombinasjonar over golvet og koreografi. Timen varar i 60 min.

Vi avsluttar begge kursa med ei lita framsyning for føresette inne i dansesalen, meir informasjon om dette vil komme seinare.
Begge kursa vert halde av Anne Opheim:." Jeg er 21 år og er nå stipendiat på musikallinja ved Seljord Folkehøgskule, hvor jeg selv var elev i 2016/2017. Før det gikk jeg på dramalinja på videregående skole og tok samtidig dansekurs ved Bårdar akademiet i Oslo på kveldstid, hovedsakelig i jazz, ballett, moderne og stepping. Skoleåret 2017/2018 studerte jeg ved MOTIO – akademiet for dans i Tvedestrand. Fra før av har jeg mest undervisningserfaring med ungdomsskoleelever, og nå gleder jeg meg masse til å få danse med flere barn!"

Dersom du lurar på noko, ta kontakt med:
Danselærar Anne Opheim på telefon: 909 48 907

Kulturskulerektor Tore Sognefest på telefon: 913 48 140

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk