Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Flaumfare - informasjon og råd frå NVE


Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) advarer mot stor vårflaum i Sør-Noreg. Basert på snømengdene i år, er det større sannsyn enn normalt for stor vårflaum i Sør-Noreg. Dette gjeld både for store vassdrag som drenerer fjellområde i Sør-Noreg og for lågareliggande område på Sør- og Austlandet. Lågareliggande område på Sør- og Austlandet er spesielt utsette i år

NVE oppfordrar difor både beredskapsapparatet lokalt og publikum til å gjere tiltak for å redusere faren for lokal storflaum når snøen startar å smelte. NVE tilrår aktuelle tiltak som å syte for opne avløpsvegar som stikkrenner og kummer for å sikre at vatnet får fri passasje.

Blir det ein vår med moderat varme og lite nedbør, får vi ein ganske normal vårflaum; sjølv der det er uvanleg mykje snø. Året 1988 er eit godt eksempel på det. Då var det litt meir snø austafjells enn det er no, men moderat varme og lite nedbør førte til ein heilt ordinær vårflaum utan spesielle problem. Vêret framover vil sjølvsagt vere førande for om det blir flaum.

Regnvêr og høg temperatur kan gje vårflaum

Sjølv om det er mykje snø på Austlandet, blir det ikkje nødvendigvis ein stor flaum når dette smeltar. Får vi ei roleg oppvarming utan for mykje nedbør, vil dette bli ei normal vårsmelting. Dersom kulden held seg til langt ut i april, vil risikoen auke for at vårsmeltinga blir brå.

NVE er mest bekymra for situasjonen i lågareliggande område av Agder og Telemark, der det allereie no ligg tre gonger så mykje snø som normalt. Her er det mykje snø, og her bur det mykje folk.

Tiltak og råd: 

• Syt for å halde avløpsvegar opne. Stikkrenner og slukar må rensast for at vatnet skal renne unna.

Spesielt for flaum:

  • Sikre og flytte verdiar (bilar, campingvogner, rundballar etc) bort frå utsette stadar, flytte verdiar opp frå kjellarar.
  • Følge med på oppdaterte sanntidsdata og prognosar (varsom.no og yr.no).
  • Det vert frårådd å opphalde seg nær elvar og bekkar med stor vassføring. 
  • Hugs at elva du kryssar i dag, kan vere ganske mykje større når du skal tilbake.
  • Dei som oppheld seg i område der det tidlegare har oppstått skadar som følge av flaum, bør vere spesielt merksame.

Spesielt for jord-, sørpe- og flaumskred:

  • Ver merksam på dreneringsvegar i skråningar i nærleiken av huset ditt, og pass spesielt på stader der bekkar renn saman og gjev auka vassføring over skråningar dekka av lausmassar.
  • Ver spesielt merksam på område der det tidlegare har gått skred.
  • Sjå etter tendens i terrenget slik som unormal vassoppdemming, nye bekkar, sprekkar i jorda eller hellande tre i skrentar.

NVE held oss oppdaterte om utsiktene til vårsmelting, flaum og jordskred på www.varsom.no.

Kommunane har eit generelt og grunnleggande ansvar først og fremst for å sikre liv og helse til innbyggjarane, jf forskrift om kommunal beredskapsplikt.

Flaumfaren og jordskredfaren lokalt må vurderast av lokal beredskapsmynde (kommunen) som eventuelt i samarbeid med politiet, set i verk nødvendige tiltak.

I tilfelle der flaum- eller jordskredsituasjonen tilseier at busetnad kan vere trua, bør det vurderast om ein må hente inn ekstern kompetanse på høvesvis vassdragsteknikk/flaumvurdering eller geoteknikk/geologi.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk