Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 18.12.2017Kontaktavdeling: Politisk leiing Kontaktperson: Halfdan Haugan

Pressemelding

Seljord kommune satsar på matoppleving for dei eldre på institusjonane i kommunen, og vil frå 1. januar produsere maten i eigen regi. Me tek oppmodinga frå Regjeringa ved landbruks- og matminister Jon Georg Dale på alvor og set matomsorg på dagsorden, seier ordførar Halfdan Haugan. Statsråden har sendt brev til alle landets ordførarar der han ber om at kommunane set matomsorg for eldre på dagsorden i kommunestyret og det gjeld både maten som blir servera til eldre på institusjon og middagsserveringar for dei som bur heime.

Dei siste åra har Sjukehuset Telemark og Dyrsku'n Arrangement levert mat til Seljord kommune, men frå nyttår gjer kommunen dette sjølv.
"Me ynskjer å ha kompetanse på mat og ernæring i eigen regi, kunne nytte lokale råvarer og gjera matopplevinga meir innhaldsrik og spennande for våre eldre", seier ordføraren.
Seljord kommune tilset eigne folk og vil leige kjøkkenkapasitet på Dyrsku'n.  


Eventuelle spørsmål kan rettast til ordførar Halfdan Haugan tlf 913 98700 eller rådmann Finn-Arild Bystrøm, tlf 928 32914

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk