Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Drøftingsnotat for skulen hausten 2017

Vi viser til tidlegare utsendt "Drøftingsnotat skulen hausten 2017" frå kommunalsjef Ronde Schade. Det har kome inn mange og gode innspel til saka (punkt 1 til 3).
1. Fem dagar skule for alle elevar.
2. Matservering i skulen.
3. Lekser i skulen.
Fleire av dei som har kome med innspel har peika på at det er behov for meir tid og betre prosessar før ein tek stilling til endringsforslaga i drøftingsnotatet.

Vi vil difor leggje fram ei sak til kommunestyret 14. desember 2017 om at punkt 1 til 3 i drøftingsnotatet blir utsett og vurdert i samband med den nye kommunedelplanen som skal vere ferdig i løpet av 2019. 
Vi legg til grunn at ein slik planprosess vil sikre betre prosessar og god involvering for alle partar. Dette inneber at det heller ikkje er aktuelt med fem dagar skule for alle elevar før tidlegast hausten 2019.

Ein tek atterhald om at innstillinga i saka blir vedtatt av kommunestyret den 14.12.2017.

Med venleg helsing Ronde Schade, Kommunalsjef


  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk