Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Høyring om endring av lokal føresegn

Føresegn for innsamling og handsaming av hushaldsavfall,tøming av slamskiljarar, privet, tette tankar mv. og for avfallsgebyr for kommunane Fyresdal, Kviteseid, Seljord,
Tokke og Vinje i Telemark skal endrast. Endringane vert gjort av omsyn til naudsynte og lovpålagte tilpassingar til dei sentrale lovverka på området. Høyringsfrist 31.10.17.

Aktuelt lovverk er Lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) samt Lov om helsetenesta i kommunane.

Høyringsperiode er sett til 9. oktober – 31. oktover 2017

Høyringsutkast/endra føresegn er lagt ut til ettersyn på servicetorga i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje samt i ekspedisjonen hos Renovest IKS. du finn høyringsutkast/endra føresegn her og på heimesidene til alle kommunane i Vest-Telemark og på heimesida til www.renovest.no

Viss du vil sende inn høyringsuttale, merk med "Endra lokal føresegn avfall/slam"  og send skriftleg innan 31.10.2017 til:

Renovest IKS
Ordalsvegen 63
3850 Kviteseid

eller til post@renovest.no



  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk