Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Etterbruk av bygning på Heddeli

Leige lokale i Seljord?
Seljord kommune vurderer etterbruk av bygning på Heddeli i samband med at Heddeli bu- og servicesenter,Jakob Naadlandsveg 2, blir lagt ned i september 2018 og bebuarane vert flytta til nytt bukollektiv. Ut over å vurdere eigne behov er det også ynskjeleg å få kjennskap til om det finst andre private/offentlege aktørar som kunne ha interesse av å leige lokalet.

Seljord kommune ber om at aktuelle interessentar vender seg til kommunen, gjerne på e-post til: post@seljord.kommune.no så snart som råd og innan 20. oktober d.å.

Etter fristen vil det bli lagt til rette for ei synfaring og i fyrste omgang ein uformell dialog frå kommunen si side.  

For meir informasjon ta gjerne kontakt med Seljord kommune, tlf 35 06 51 00 ved ordførar Halfdan Haugan, teknisk sjef Kåre Groven eller kommunalsjef Rolf Henning Jensen.     

Med helsing  

Seljord kommune  

Rolf Henning Jensen

kommunalsjef

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk