Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Samfunnsdelen lagt ut til offentleg ettersyn

Kommuneplan - samfunnsdelen for Seljord kommune 2017 - 2029 er no lagt ut til offentleg ettersyn. Framlegget til plan er lagt ut elektronisk på heimesida vår under Samfunnsplanar, du kan og få den i papirversjon på kommunehuset. Frist for innspel til planen er 24.august 2017.

Seljord kommunestyre vedtok den 29.06.17 i K-sak 62/17, med heimel i Plan- og bygningslova § 11-14, å leggje " Kommuneplan - samfunnsdel for Seljord kommune 2017 -2029» ut til offentleg ettersyn.

Samfunnsdelen til kommuneplanen er ein arena for å diskutere langsiktige utfordringar og trekkje opp mål og strategiar for korleis kommunen skal utvikle seg, både som samfunn og organisasjon.

Samfunnsdelen omfattar mange innsatsområde, og kommunen har ikkje ressursar eller mynde til å få gjennomført alle måla i planen.

Skal vi som samfunn greie å gjennomføre planen må vi saman delta i oppfølging av planen, både kommune, regionale og statlege instansar, næringsliv, lag- og organisasjonar og alle innbyggarane i kommunen.

I framlegg til samfunnsdel som vi no legg ut til høyring, er det fokusert på at Seljord kommune skal vere ein god stad å bu, besøke og drive næring, og planen er bygd på visjonen "Seljord – det gode vertskap". Vi skal aktivt utvikle regionen vår med attraktive arbeidsplasser, gode buområder, og berekraftige og levande bygder og grender i kommunen.

Kulturen vår skal kjenneteiknast av at vi er opne og inkluderande, at vi vågar, og er utviklingsorienterte.

Ein overordna føresetnad er at Seljord kommune er eit levedyktig lokalsamfunn. Gjennom heile livsløpet må vi ha gode levekår som gir grunnlag for befolkningsvekst og utvikling, gjennom ei bærekraftig forvalting.

Nye lovkrav sett større krav til kompetanse og kvalitet i alle ledd i dag enn tidlegare. Ein heilskapleg og handlekraftig kommuneorganisasjon, i eit nært og godt samarbeid med aktive og entusiastiske aktørar frå næringsliv og organisasjonar i lokalsamfunnet vårt, er derfor nødvendig for å nå måla våre.

Kommuneplanen vår beskriv "slik vil vi ha det", medan handlingsprogram saman med budsjett og økonomiplanen syner "slik gjer vi det".

Plandokumentet er utarbeidd med brei deltaking og involvering frå innbyggarane, kommuneadministrasjonen, politiske råd og utval, organisasjonar og næringsliv. Vi har fått forslag til mange konkrete tiltak gjennom prosessen. Vi vil ta dei med vidare ved utarbeiding av handlingsprogram og verksemdsplanar.

Gjennom høyringsprosessen er det viktig at vi får innspel til samfunnsdelen frå regionale og statlege instansar, lag og organisasjonar, næringsliv og den einskilde innbyggar.

Vi ynskjer særleg innspel til om det er dei rette fokusområda som er utpeikt, og om dei utpeikte strategiske områda for å nå måla er dei viktigaste å arbeide vidare med. Vi ynskjer innspel til kva stat, region og kommune bør fokusere på, og kva vi som einskildpersonar eller lag og organisasjonar kan bidra med.

Frist for å kome med innspel til planen er 24.08.17.

Planframlegget ligg på Seljord kommune sine heimesider under Samfunnsplanar, og i papirversjon på sentralbordet på kommunehuset. Send innspel til Seljord kommune, Brøløsvegen 13 A, 3840 Seljord, eller på e-post til post@seljord.kommune.no Merk innspel med «Kommuneplan - samfunnsdel for Seljord kommune 2017 -2029»

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk