Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Endringar SFO

Våren 2017 fatta kommunestyret vedtak om endringar av SFO-tilbodet. Desse endringane har vi no innarbeidd i vedtektene.
Brukar av SFO-tilbodet vil frå no av betale for 10 månadar (grunntilbod). Elevane har då eit SFO-tilbod som fylgjer skuleåret slik det går fram av skuleruta.

Vi har lagt ut reviderte vedtekter på SFO-sidene

Kommunestyret vedtok i budsjettvedtaket i desember 2016 ei auke i prisane for SFO. Dette er bakt inn frå nytt skuleår, frå 21.8.17. Oversikt over prisar for SFO-tilbodet finn du her

Ordninga med betaling for 10 månadar inneber at brukarane av SFO ved Seljord barneskule vil få ein korrigert faktura i august (med forfall september). I Flatdal var det alt lagt inn i.o.m. at det ikkje blei ferieope sommaren 2017. Vi har laga eit informasjonsskriv om dei nye ordningane, det kan du lese her


  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk