Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Rullering av Kommuneplanens samfunnsdel

Seljord kommune er i gang med medverknadsprosesser rundt Samfunnsdelen av kommuneplanen 2017-2027.

Formannsskapet har gjennomført to dialogmøte med inviterte partar. Kommunen planlegg tre opne folkemøte med ulike tema: Seljord i vekst, Det gode livsløp i Seljord, og Bærekraftige Seljord. Møta er under planlegging, dato er sett for dei to fyrste:

  • Seljord i vekst: 18.4.17 kl 18.010- 20.30, Granvin kulturhus
  • Det gode livsløp i Seljord: 27.4.17 kll 18.00-20.30, Aulaen på ungdomsskulen

Møta blir annonsert på heimesida vår, på Facebook og i Vest-Telemark Blad.

Vi har lagt ut presentasjonane og oppsummering frå dei to dialogmøta på heimesida vår under Samfunnsplanar. Lenka dit finn du her

Etter kvart vil vi opne for innsending av innspel. Har de tankar om samfunnsdelen til Kommuneplanen alt no, kan de sende det på e-post til post@seljord.kommune.no 

eller til Seljord kommune, Brøløsvegen 13 a, 3840 Seljord.

Merk innspel med Kommuneplan - Samfunnsdel



Kafedialog om kommuneplanens samfunnsdel
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk