Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ledige stillingar som feiar i Vest-Telemark brannvesen

Vest Telemark brannvesen søkjer etter 2 nye feiarar.
Interkommunalt brannvernsamarbeid i Vest-Telemark IKS er eit samarbeid for kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Selskapets føremål er å samarbeide om brannvesen og utføre lovpålagde brannførebyggande oppgåver i vertskommunane. Brannsamarbeidet har kontorstad i Høydalsmo. Vi har i dag 6 feiarar tilsett.
Då oppdragsmengda er aukande grunna ny forskrift med pålegg om feiing og tilsyn av både bustader og fritidsbustader, har vi behov for å etablere nye feiarlag med oppstart frå 01.01.2020. Vi søker derfor etter to nye feiarar.

Feiarane har utgangspunkt i Høydalsmo, men for søkarar som bur andre stader vil ein prøve å legge til rette for fleksible løysingar. 

Arbeidsoppgåvene er feiing av røykkanalar og fyringsanlegg, tilsyn med bustader/fritidsbustader og førebyggande brannvern. Feiarane jobbar i team og overlappar der det er naudsynt innan brannsamarbeidets arbeidsområde. 

Krav til stillinga: 

  • Fagbrev som feiar/eller anna relevant håndverkarfagbrev. Den som får jobben må vera viljug til å ta utdanning som fyller forskriftskrav dersom dette manglar.
  • Sjølvstendig og påliteleg. 
  • Gode samarbeidsevner. 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne og kunnskap innan data. 
  • Førarkort klasse B. 
  • God helse og fysikk. 
Ein vil oppmode kvinner om å søkje. 

Lønn etter avtale. 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som fylgjer av gjeldande lover, tariffavtaler og reglement. Det er 2% pensjonsinnskot i KLP. 

Den som får tilbod om stillinga må framlegge helse og politiattest av nyare dato. 

Ein tek atterhald om endringar i stillingas arbeids og ansvarsområde som fylgje av framtidige organisasjonsendringar.  

Send søknad med cv til Vest Telemark Brannvesen v/Tore Metveit, Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo.

Søknadsfrist 20.8.2019

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk