Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Barnehageplass

Pris for barnehage. Betalingssatsar frå 1.8.2019.

Barnehagesatsane er regulert etter forskrift om foreldrebetaling i barnehagar, "For 2005-12-16 nr 1478: Forskrift om foreldrebetaling i barnehager".

  • I desember 2018 vedtok Stortinget nye nasjonale satsar for foreldrebetaling for barnehageplass.
    Frå 01.08.2019: Maksimalgrensa for foreldrebetaling er kr 3.040,-

Det er to ulike moderasjonsordningar, båe avhengig av foreldra si samla brutto inntekt:

  • Moderasjonsordning der foreldrebetaling for ein barnehageplass maksimalt skal utgjere 6 % av familien sin samla person- og kapitalinntekt.
    Inntektsgrense er pr 01.08.19 kr 557.333,-  Dette blir rekna ut individuelt etter søknad.
  • Ordning med gratis kjernetid på 20 timar/veka for 2-,3-, 4- og 5-åringar. 
    Inntektsgrensa blir pr 01.08.19 kr 548.500,-.
  • Inntektsreduksjon og gratis kjernetid er avhengig av søknad kvart år. Søknadsfristen blir sett til 1. august eller i samband med ny søknad. Familien kan og søke ved større endring i inntekta.
  • NB! Dei som ikkje søker om redusert betaling grunna inntekt, må betale maksimalpris på augustfakturaen.

Betaling per månad for dei med inntekt over 557.333 kroner:

 Inntekt  5 dagar  3 dagar
Inntekt over kr 557.333: Maksimalpris.   3.040,-
 1.860,-
30 % syskenmoderasjon  2.128,-  1.302,-
50 % syskenmoderasjon  1.520,-     930,-
Kost:     360,-     215,-
Inntekt under kr 548.500: Rett på 20 t. gratis kjernetid for 2-,3-, 4- og 5-åringar  

Søskenmoderasjon:

  • 30 % søskenmoderasjon for søsken nr. 1
  • 50 % søskenmoderasjon for søsken nr. 2 og fleire
  • Det er ikkje moderasjon på kost

Inntektsgrensene blir bestemt av Stortinget i samband med statsbudsjettet.

Timesatsen for kjøp av ekstra timar er kr 60,- per time, og kr 25,- per dag for kost.

Information in English about reduced nursery school/Kindergarten fees 



    


  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk